Gratis kveldskurs i norsk
AOF i Førde har fått pengar frå IMDi til å starte gratis kveldskurs i norsk. Det er primært for ukrainarar som ventar på å få starte på norskkurs og i introduksjonsprogrammet, men kurset kan også fyllast opp med andre grupper som manglar rett (t.d. asylsøkjarar som er ferdig med sine 175 timar, flyktningar som er ferdig i intro, osv.) Tips gjerne alle de kan kome på om dette kurset som startar i slutten av september. Det vil vere onsdagar frå kl 17-21. Ta kontakt for meir info!
Søknad til grunnskule eller oppmelding til realkompetansevurdering
Ønsker du å søke om plass på grunnskule ved KURS KF eller å få dokumentert kunnskapen din i spesifikke fag som du kanskje har fått gjennom livserfaring, arbeidserfaring eller udokumentert skule? Då må du bruke dette skjemaet: https://kurskf.no/soknadsskjema-grsk/
Vaksenopplæringa består av rektor, inspektørar, epedagog og lærarar.
Vi tilbyr norskkurs, samfunnsfag, engelsk, grunnskule for vaksne og grunnskule for ungdom.
Ønsker du norskkurs til dine tilsette? Vi kan tilby fleksibel og skreddarsydd voksenopplæring i både Florø og Måløy.
Informasjon om norskprøvene finn du ved å trykke her
Informasjon om prisar for norskopplæring finn du ved å trykke her