Det er ingen krav om norskferdigheiter for å delta i grunnskuleopplæring. KURS KF tilbyr grunnskuleopplæring i Florø og Måløy.
Regelverk om grunnskuleopplæring for vaksne
For å ha rett til grunnskuleopplæring, må du
- ha lovleg opphald i Norge
- vere over opplæringspliktig alder
- ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
- ha behov for grunnskoleopplæring
Retten gjeld óg vaksne som har fullført grunnskulen, men som treng meir grunnskuleopplæring.
Om grunnskuleopplæringa
- Grunnleggande ferdigheiter er: lesing, skriving, rekning, kunne uttrykke seg munnleg og digitale ferdigheiter.
- Ein kan sjølv bestemme kor mange fag ein vil ta. Kunnskap og ferdigheiter i faga bestemmer lengde på opplæringstida.
- Ein får terminkarakter og standpunktkarakter i faga. I tillegg kjem eksamen.
- Klasseundervisninga er tilpassa fleirspråklege elevar med kort butid i Noreg, og opplæringa ber preg av dette.
- Opplæringa følger vedteken skulerute for Kinn kommune.
- Undervisninga er på 30 timar i veka i Florø og 20 timar i veka i Måløy. Kontakt Måløy eller Florø for å få tilsendt relevant timeplan.
Søke om grunnskule/realkompetansevurdering
Bruk skjemaet under for å søke om grunnskule og/eller realkompetansevurdering. Ved behov for meir informasjon kan ein kontakte rektor på epost eller telefon 91 88 81 91.
Når rektor har mottatt søknaden avtaler vi samtale. Dokument på tidlegare skulegang, opphaldsløyve og gyldig legitimasjon må medbringast for å vurdere rett til opplæring og eventuelle tilpasninger. For å tilpasse opplæringa skal vaksne få tilbod om realkompetansevurdering og/eller særskild språkopplæring.
Realkompetansevurdering
Vi tilbyr realkompetansevurdering for å prøve ut, dokumentere og godkjenne medbrakt kunnskap sett opp mot læreplanen. Realkompetansevurdering kan avkorte opplæringa og den er gratis for vaksne med rett til opplæring.
Særskild språkopplæring
Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring dersom dette er nødvendig. Retten til særskild språkopplæring opphører når ein har tilstrekkelege ferdigheiter til å følge den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne.
Lover og retningslinjer
- Om grunnskule for vaksne på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
- Opplæringslova, rett til spesialundervisning for vaksne
- Brosjyre – informasjon om vaksenopplæring
- PPT og spesialundervisning for vaksne
- Opplæringslova kap 4A og i rundskriv Udir-3-2012.