Trucksjåfør

På mange arbeidsplassar i Noreg er det å køyre truck ei vanleg arbeidsoppgåve. Dette kan for eksempel vere innan industriar som fiskeri, oljenæring, verft, transport og lager.

For å køyre truck må du ha trucksertifikat. Opplæringa er både teoretisk og praktisk. Ein må vere fylt 18 år for å få sertifikatet.

Det finst ulike typar truckar. Her ser du nokre av dei vanlegaste typane truck:

T4 motvektstruck, og innandørs skyvemasttruck * (Her viser vi illustrasjon av desse, med namn)

Som trucksjåfør arbeider du med å flytte varer, pallar og gods frå ein stad til ein annan. Kanskje skal du hente varer på eit stort lager og laste dei inn i ein trailer som køyrer varene til ein annan stad. Av og til må du hente (losse) varer ut av traileren og plassere dei på lager. Dersom du er trucksjåfør innan oljeindustrien må du kanskje flytte på røyr og stålkonstruksjonar.

Nokre stader kan du arbeide som trucksjåfør heile dagen. Men det er ikkje uvanleg at ein arbeider både som trucksjåfør og lagermedarbeidar. Då skal du pakke varer på pallar, rydde og halde orden på lageret, skrive bestillingslister og ha kontakt med kundar i tillegg til å køyre truck.

Når du arbeider som trucksjåfør må du kvar dag sjekke om trucken har skadar eller lekkasjar, måle lufttrykk, teste lys og kontrollere at alt fungerer slik det skal.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktig på alle arbeidsplassar. Kvar arbeidsplass har sine reglar og rutinar. Når du køyrer truck eller arbeider på lageret, kan det vere nødvendig med utstyr som for eksempel hjelm, kle med sterk farge og refleks som gjer deg synleg, vernesko og vernehanskar. Nødvendig utstyr får du på arbeidsplassen.

Det viktigaste med HMS er at ingen skal skade seg på jobb.

Jobbmoglegheitene er store om du har sertifikat for truck. Både innan lager, handel og industri finst det mange bedrifter som treng gode sjåførar. Så om du liker fysisk arbeid og ein variert arbeidsdag kan dette vere jobben for deg.


Oppgåver: TRUCKSJÅFØR

Det kan vere bra å jobbe med ordforklaringsoppgåva før du viser filmen, på grunn av fag- og yrkesord som kan vere ukjende. Lærar/rettleiar gjer eit utval av oppgåver og tilpassar desse til gruppa eller den enkelte deltakar. Del gjerne ut kopi av manus i tillegg til oppgåvene.

Forklar ordet, eller finn bilde som illustrerer:
Truck
Oljenæring
Verft
Motvektstruck
Skyvemasttruck
Palle
Trailer
Stålkonstruksjon
Refleks
Vernesko

Svar på spørsmåla til teksten, skriftleg eller munnleg:
På kva for arbeidsplassar er det å køyre truck ei vanleg arbeidsoppgåve?
Må du ha sertifikat for å køyre truck?
Finst det ulike typar truckar?
Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein trucksjåfør?
Kvifor er det viktig å sjekke trucken kvar dag?
Kva står HMS for?
Kan du nemne utstyr som kan vere nødvendig å bruke for ein trucksjåfør?
Kva er det viktigaste med HMS?
Korleis er jobbmoglegheitene for deg om du har sertifikat for truck?


Grammatikkoppgåver:
Leit etter verb i teksten. Finn minst 5 verb og skriv desse i infinitiv (å lese/å sende), presens (les/sender), preteritum (las/sende), presens perfektum (har lese/har sendt)

2) Finn plussord og positive setningar i dette avsnittet:
Jobbmoglegheitene er store om du har sertifikat for truck. Det er ofte ledige stillingar. Det er mange bedrifter som treng gode sjåførar. Om du likar fysisk arbeid og ein variert arbeidsdag med hyggelege kollegaer kan dette vere jobben for deg.

Gjer plussorda i oppgåve 2 om til minusord, og skriv avsnittet negativt. Døme:
Det er sjeldan ledige stillingar.

Ein, ei eller eit? Finn ubestemt artikkel til substantivet:
truck – oppgåve – arbeidsplass – verft – sertifikat – vare – lager – røyr – palle – bestillingsliste – hjelm – sko – jobb – sjåfør

Skriveoppgåver:
Skriv eit søknadsbrev der du søkjer om jobb som trucksjåfør på eit lager.
Du er trucksjåfør.
Sjefen din ser at du kjem for seint på jobb og vil ha ei forklaring. Skriv dialogen (samtalen) mellom sjefen og trucksjåføren.
Sjefen din lurer på om du kan forklare korleis du sjekkar om trucken fungerer slik den skal. Skriv dialogen (samtalen) mellom sjefen og trucksjåføren.

Rollespel og snakk:
Gå saman to og to. Bruk skriveoppgåvene 2a og/eller 2b og spel ut dialogane. Byt roller. Snakk saman: Korleis var det å møte sjefen i denne situasjonen?
Gå saman to og to. Ein er sjef og ein er trucksjåfør. Spel ut ein situasjon der det har skjedd eit uhell fordi trucksjåføren har gløymt å sjekke at trucken fungerer slik den skal. Byt roller. Snakk saman: Korleis var det å møte sjefen i denne situasjonen?

Refleksjonsoppgåver:
Kva for personlege eigenskapar kan vere verdfulle når du skal jobbe som trucksjåfør?
Kva for utdanning treng du for å jobbe som trucksjåfør?
Kva for kompetanse har du som du kunne ha nytte av for å jobbe som trucksjåfør?
Kva for fordeler og ulemper kan der vere i ein jobb som trucksjåfør?
Kjenner du til yrket som trucksjåfør frå heimlandet ditt? Nemn nokre skilnader og likskapar mellom yrket i heimlandet og yrket i Noreg (t.d. arbeidsoppgåver og krav).
Kunne du tenke deg å jobbe som trucksjåfør? Kvifor/kvifor ikkje?

Theme: Overlay by Kaira