Servitør

Å vere servitør er veldig sosialt!


Servitørar kan jobbe på mange ulike stader, som for eksempel på hotell, kafé og i bar og restaurant. Noreg treng fleire servitørar, særleg om sommaren og ved høgtider som jul og påske.
Vanlege arbeidsoppgåver som servitør er å ta imot bestillingar på mat og drikke, servere til gjestar, ta imot betaling og rydde etter gjestane. Mange servitørar jobbar i turnus eller skift. Det betyr at du kanskje jobbar noko på kveldstid, i helgar og på heilagdagar i tillegg til dagtid.
Vi skal no sjå litt nærare på dei ulike arbeidsoppgåvene som du har som servitør hos Restaurant Bryggekanten i Florø.


Som servitør på morgonskiftet har du ansvar for å servere frukost og lunsj til hotellgjestane. Hotellfrukost er vanlegvis ein buffé. Det betyr at gjestane kan forsyne seg sjølv med mat og drikke som servitørane har sett fram. Du må følge med på maten på bufféen. Dersom du ser at det er lite mat igjen må du hente meir frå kjøkkenet eller gi beskjed til kokken slik at han eller ho kan lage meir. Du må og passe på at det heile tida finst nok reint bestikk, tallerkenar, koppar og glas til gjestane. Dette finn du på kjøkkenet. Gjestane likar ikkje å ha det rotete og skitent der dei skal ete, så du må passe på at bord og stoler er reine.


Som servitør på ettermiddag og kveld har du ansvar for å servere middag og drikke til gjestane. Nokre restaurantar har menyar som gjestane kan bestille frå, andre restaurantar har buffé med varme og kalde middagsrettar. Det er vanleg å først ta imot bestillingar på drikke, og servere gjestane dette før dei skal ete. Når du tar imot bestillingar på mat, er det viktig å spørje gjestane om der er enkelte typar mat dei er allergiske mot, som for eksempel løk, fisk, egg eller nøtter. Dersom nokon av gjestane er allergiske må du tilby dei ein annan rett eller gi beskjed til kokken slik at han eller ho ikkje brukar til dømes nøtter i maten. God kommunikasjon med gjestar og kokk er med andre ord ein viktig del av ein servitør sin jobb.


Uansett om du jobbar på morgon eller kveld er regelverket for reinhald og personleg hygiene veldig viktig for en servitør. Du kan studere servitørfag på vidaregåande skule, men det er ikkje alltid krav om utdanning for å få jobb som servitør. Det viktigaste er at du har gode evner til å passe på at gjestane er fornøgde og at dei får ei god oppleving. Det gjer du ved å ha god kunnskap om mat og drikke, og ved å kommunisere godt med gjestane og kollegaene dine. Ingen gjestar likar å vente for lenge, så du må også vere rask og effektiv. Å jobbe som servitør er slik både ein sosial og ein fysisk aktiv jobb.


Oppgåver: SERVITØR

Det kan vere bra å jobbe med ordforklaringsoppgåva før du viser filmen, på grunn av fag- og yrkesord som kan vere ukjende. Lærar/rettleiar gjer eit utval av oppgåver og tilpassar desse til gruppa eller den enkelte deltakar. Del gjerne ut kopi av manus i tillegg til oppgåvene.

Forklar ordet, eller finn bilde som illustrerer:
Servitør
Bar
Høgtid
Hotellfrukost
Buffé
Bestikk
Meny
Allergi
Kommunikasjon
Hygiene

Svar på spørsmåla til teksten, skriftleg eller munnleg:
Kva for ulike stader kan du jobbe som servitør?
Nemn nokre av dei vanlege oppgåvene du har som servitør.
Kva betyr det å jobbe på skift?
Kva er viktige arbeidsoppgåver på morgonskiftet?
Kva er ein buffé?
Må ein servitør rydde, vaske og halde reint?
Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein servitør som jobbar ettermiddag og kveld?
Kvifor er det viktig at servitøren snakkar både med gjestane og kokken?
Kva for utdanning treng du for å jobbe som servitør?
Kva kan vere positivt med å jobbe som servitør?


Grammatikkoppgåver:
Leit etter verb i teksten. Finn minst 5 verb og skriv desse i infinitiv (å lese/å sende), presens (les/sender), preteritum (las/sende), presens perfektum (har lese/har sendt)

2) Finn plussord og positive setningar i dette avsnittet:
Å vere servitør er veldig sosialt! Det viktigaste er at du har gode evner til å passe på at gjestane er fornøgde og at dei får ei god oppleving. Det gjer du ved å ha god kunnskap om mat og drikke, og ved å kommunisere godt med gjestane og kollegaene dine. Å jobbe som servitør er ein sosial og fysisk aktiv jobb.

Gjer plussorda i oppgåve 2 om til minusord, og skriv avsnittet negativt. Døme:
… at gjestane er misfornøgde og at dei får ei dårleg oppleving.

Ein, ei eller eit? Finn ubestemt artikkel til substantivet:
servitør – hotell – kafé – skift – høgtid – arbeidsdag – gjest – buffé – glas – meny – egg – nøtt – kokk – utdanning – jobb

Skriveoppgåver:
Skriv eit søknadsbrev der du søkjer om jobb som servitør i ein restaurant.
Det kjem ein hotellgjest som skal ete frukost. Det er ganske fullt i restauranten. Det er eitt bord som er ledig, men det er det fullt av skitne koppar og fat, og nokon har sølt yoghurt på ein stol. Skriv dialogen (samtalen) mellom gjesten og ein hjelpsam servitør.

Rollespel og snakk:
Gå saman to og to. Bruk skriveoppgåve nr. 2 og spel ut dialogane. Byt roller.
Gå saman to og to. Ein er gjest og ein er servitør. Spel ut ein situasjon der servitøren oppfører seg ufint mot gjesten. Byt roller. Snakk saman: Korleis var det å møte ein servitør/gjest i denne situasjonen?


Refleksjonsoppgåver:
Kva for personlege eigenskapar kan vere verdfulle når du skal jobbe som servitør?
Kva for utdanning treng du for å jobbe som servitør?
Kva for kompetanse har du som du kunne ha nytte av for å jobbe som servitør?
Kva for fordeler og ulemper kan der vere i ein jobb som servitør?
Kjenner du til yrket som servitør frå heimlandet ditt? Nemn nokre skilnader og likskapar mellom yrket i heimlandet og yrket i Noreg (t.d. arbeidsoppgåver og krav).
Kunne du tenke deg å jobbe som servitør? Kvifor/kvifor ikkje?

Theme: Overlay by Kaira