Kokk

Som kokk har du mange moglegheiter.

Du kan for eksempel arbeide i restaurant, kantine, butikk, på kafé, gatekjøkken, sjukehus, båt og hotell.

Vanlege arbeidsoppgåver som kokk er å planlegge menyen, lage mat, kjøpe inn varer og halde kjøkken og arbeidsstaden rein. Mange kokkar arbeider i turnus eller skift. Det betyr at du kanskje ikkje berre arbeider på dagtid, men òg på kveld, i helgar og på heilagdagar.

La oss ta ein nærare kikk på ein vanleg arbeidsdag som kokk hos Bryggekanten restaurant i Florø.

Det første du gjer når du kjem på jobb er å skifte til arbeidstøy og registrere deg. Når du har registrert deg må du sjekke notat frå kollegaene dine, nye bestillingar og kva du har av varer.

Størrelsen på kjøkkenet har mykje å seie for arbeidsdagen til ein kokk. Store kjøkken har ofte fleire ansvarsområde og arbeidet blir fordelt mellom sjefskokken, kokkar og assistentar. På store kjøkken vil kvar kokk ha ansvar for ein spesiell del av matlaginga, for eksempel å steike kjøt, koke suppe, kutte grønsaker eller lage dessert og kaker. Arbeider du på eit lite kjøkken har du kanskje ansvaret for å lage all maten sjølv.

I mange restaurantar kan gjestane bestille mat frå ein meny. Nokre restaurantar har òg servering frå buffé. Det betyr at gjestane kan forsyne seg sjølve med ulike varme og kalde rettar som kokken har førebudd og lagt fram på store serveringsfat. Ein del av maten til bufféen kan bli laga dagen før, medan andre rettar blir laga like før servering.

Det er strenge krav til reinhald og hygiene når du arbeider som kokk. Reint arbeidstøy og reine hender er veldig viktig når ein arbeider med mat. Ingen likar å finne hår i maten, derfor er det viktig å bruke hovudplagg, hårnett eller hårstrikk. Det er òg viktig å halde kjøkkenreiskapane og arbeidsbenkane reine. Som kokk må du heile tida vaske opp og halde arbeidsplassen din rein samtidig som du ordnar med maten.

Rett lagring av mat er òg ei viktig arbeidsoppgåve som kokken har. Når varer blir leverte til kjøkkenet, må du sjekke kvaliteten på varene og plassere dei der dei høyrer heime – altså på kjøl, frys eller i området for tørrvarer. Mat som skal bli lagra må pakkast tett og setjast på rett plass. Kunnskap om mattryggleik, råvarer, hygiene og reinslegheit er med andre ord viktig for ein kokk.

Å arbeide som kokk er ein triveleg og fysisk aktiv jobb. Du må kunne arbeide raskt og nøyaktig med fleire ting samtidig. Ingen gjestar likar å vente for lenge eller å få mat som dei ikkje har bestilt. Samarbeid med servitørar og andre som arbeider på kjøkkenet er derfor viktig for å gi gjestane ei god oppleving.


Oppgåver: KOKK

Det kan vere bra å jobbe med ordforklaringsoppgåva før du viser filmen, på grunn av fag- og yrkesord som kan vere ukjende. Lærar/rettleiar gjer eit utval av oppgåver og tilpassar desse til gruppa eller den enkelte deltakar. Del gjerne ut kopi av manus i tillegg til oppgåvene.

Forklar ordet, eller finn bilde som illustrerer:
Gatekjøkken
Meny
Dessert
Buffé
Serveringsfat
Hårnett
Hårstrikk
Kjøkkenreiskap
Arbeidsbenk
Tørrvarer

Svar på spørsmåla til teksten, skriftleg eller munnleg:
Nemn ulike stader du kan arbeide som kokk.
Kva for arbeidsoppgåver har ein kokk?
Kva betyr det å jobbe i turnus eller på skift?
Kva er forskjellen mellom å jobbe på eit stort eller eit lite kjøkken?
Forklar kva det betyr å servere frå buffé.
Kvifor er reinhald og hygiene svært viktig når du jobbar med mat?
Kvifor er det viktig å halde orden på lageret?
Kva er det viktig å ha kunnskap om når du arbeider som kokk?
Kvifor må du arbeide raskt og nøyaktig som kokk?
Kva kan vere positivt med å jobbe som kokk?

Grammatikkoppgåver:
Leit etter verb i teksten. Finn minst 5 verb og skriv desse i infinitiv (å lese/å sende), presens (les/sender), preteritum (las/sende), presens perfektum (har lese/har sendt)

2) Finn plussord og positive setningar i dette avsnittet:
Som kokk har du mange moglegheiter. Å arbeide som kokk er ein triveleg og fysisk aktiv jobb. Du har spennande og varierte oppgåver i arbeidsdagen. Samarbeid med hyggelege servitørar og andre som jobbar på kjøkkenet er viktig for å gi gjestane ei god oppleving.

Gjer plussorda i oppgåve 2 om til minusord, og skriv avsnittet negativt.
Døme: Å arbeide som kokk er ein kjedeleg og stillesittande jobb.

Ein, ei eller eit? Finn ubestemt artikkel til substantivet:
kokk – restaurant – hotell – meny – kjøkken – arbeidsdag – bestilling – vare – dessert – grønsak – fat – hand – hårstrikk – arbeidsbenk – gjest – kollega

Skriveoppgåver:
Skriv eit søknadsbrev der du søkjer om jobb som kokk i ein restaurant eller på kafé.
Ein gjest klagar etter å ha funne hår i maten. Skriv dialogen (samtalen) mellom gjesten og kokken.

Rollespel og snakk:
Gå saman to og to. Bruk skriveoppgåve nr. 2 og spel ut dialogane. Byt roller.
Gå saman to og to. Ein er gjest og ein er kokk. Spel ut ein situasjon der kokken oppfører seg ufint mot gjesten, eller omvendt. Byt roller. Snakk saman: Korleis var det å møte ein gjest/kokk i denne situasjonen?


Refleksjonsoppgåver:
Kva for personlege eigenskapar kan vere verdfulle når du skal jobbe kokk?
Kva for utdanning treng du for å jobbe som kokk?
Kva for kompetanse har du som du kunne ha nytte av for å jobbe som kokk?
Kva for fordeler og ulemper kan der vere i eit yrke som kokk?
Kjenner du til yrket som kokk frå heimlandet ditt? Nemn nokre skilnader og likskapar mellom yrket i heimlandet og yrket i Noreg (t.d. arbeidsoppgåver og krav).
Kunne du tenke deg å jobbe som kokk? Kvifor/kvifor ikkje?

Theme: Overlay by Kaira