Skal du søke jobb?
Korleis kan eg finne ledige jobbar?
Det er mange måtar å finne jobb på. På nettet kan du søke på sider som arbeidsplassen.nav.no, finn.no, heimesida til kommunen, eller heimesida til bedrifter som du ynskjer å jobbe hos. Du kan også finne jobbannonsar i aviser, både på nett og i papir. Av og til heng det plakatar om ledige stillingar i butikken. Du kan også møte opp på dei ulike arbeidsplassane og spørje om dei har ledig jobb.
Når du leitar etter ledige stillingar på nett er det lurt å avgrense søket ditt. På for eksempel arbeidsplassen.nav.no eller på finn.no kan du velje område, altså fylke og deretter kommune, som for eksempel Vestland og Kinn. Du kan også søke direkte etter den type jobb du ynskjer, for eksempel butikkmedarbeidar.
Korleis skal eg lese stillingsannonsen?
Vel den stillinga som verkar interessant. Sjå på arbeidsoppgåvene. Er dette er noko du har gjort i ein tidlegare jobb, og som du ynskjer å fortsetje med eller ynskjer å begynne med? Er svaret JA ser du på teksten “ønskte kvalifikasjonar”.
Ønskte kvalifikasjonar betyr kva slags erfaring, kompetanse og utdanning arbeidsgjevar vil at du skal ha. Her pleier det også å stå noko om “personlege eigenskapar” som er viktig for jobben, for eksempel at du er ærleg, positiv og kan samarbeide med andre. Om du har dei eigenskapane som arbeidsgjevar vil ha, kan du ringe til kontaktpersonen for å få meir informasjon om jobben før du søker. Namn og telefonnummer til kontaktpersonen står i annonsen.
Korleis søker eg på jobb?
Du skal få arbeidsgjevaren til å velje deg. Skriv kort og presist. Søknaden skal helst ikkje vere lenger enn ei side.
Dette bør du skrive om i søknadsbrevet:
Kvifor du søker, og kvifor du har lyst på akkurat denne jobben
Kort om utdanning og erfaring som gjer at du kan gjere ein god jobb
Eigenskapar du har som passar med det arbeidsgjevar vil ha
Noko i jobben som du ynskjer å lære og bli betre på
Litt om kva du er interessert i
I søknaden er viktig å gi eksempel på kvifor du er rett person til stillinga. Du kan bruke eksempel frå tidlegare jobbar og fritidsinteresser. Om du spelar fotball eller syng i kor, så kan dette vere eksempel på at du er god til å samarbeide med andre.
Hugs å bruke stillingstittelen som står i annonsen som overskrift i søknadsbrevet ditt, for eksempel “Søknad på jobb som butikkmedarbeidar”.
Korleis skriv eg ein CV – Curriculum Vitae
I tillegg til søknadsbrevet skal du levere ein CV. Ein CV skal gi ei kort og tydeleg oversikt over utdanning, arbeidserfaring, sertifikat, språkkompetanse og hovudinteresser. Ein CV skal vere kort. Maksimum 2 sider. Det finst mange ferdige malar på CV som du kan fylle ut. Sjå for eksempel nav.no. Du kan også sette opp ein CV sjølv, slik:
Øvst skriv du personalia, altså namn, fødselsdato, telefonnummer, adresse og e-post.
Utdanning. Her skal du skrive kva for utdanning du har, kor du tok den og når. Start med den nyaste utdanninga og fortsett bakover i tid. Dersom du held på med ei utdanning no, skriv det først. Du kan også kort forklare utdanninga. Slik:
August 2019 – juni 2022: Lærarutdanning, bachelor, ved University of York, England
- Engelsk språk, litteratur og historie. Pedagogikk.
Januar 2019 – juni 2019: Examen Philosophicum, ved Umeå universitet, Sverige
- Filosofi og etikk
Arbeidserfaring. Skriv på same måte som under utdanning og gi ei kort forklaring av arbeidet, for eksempel arbeidsoppgåver og stillingsprosent. Slik:
Juli 2022 – oktober 2022: Lærer, Livets skole, København, Danmark
- Undervisning på ungdomstrinnet, engelsk og historie. 100%
Juni 2019 – august 2022: Butikkmedarbeidar, Kiwi. Reykjavik, Island
- Kundeservice og lagerarbeid, 20%
Sertifikat og andre erfaringar, for eksempel kurs eller frivillig arbeid. Du brukar same metode for å skrive dette som under arbeidserfaring og utdanning.
Skriv kva for språk du kan og på kva for nivå, både munnleg og skriftleg.
Dersom du har svært gode IT-ferdigheiter, kan du skrive om det.
Interesser. Skriv kort og presist, for eksempel “Svømming, reising og fotball”. Ved å gi denne type informasjon kan arbeidsgjevaren få eit inntrykk av deg som person.
Referansar. Ein referanse er ein person som kan seie noko om korleis du er som person, som kollega og elev. Det kan vere nokon du jobbar saman med eller læraren din. Arbeidsgjevar kan ringe referansepersonen din for å stille spørsmål. Hugs derfor å spørje den du ynskjer skal vere referansen din om dei vil vere referanse, FØR du skriv namnet og telefonnummeret deira på CV-en din. Det er vanleg å oppgi to referansepersonar.
Synest du dette høyrest ut som mykje jobb? Tenk at du kan bruke CV-en din på alle jobbar du søker på, hugs berre å oppdatere med nye erfaringar og referansar.
Korleis gjer eg eit godt jobbintervju?
Dersom arbeidsgjevar likar søknaden og CV-en din kan du bli kalla inn til jobbintervju. Arbeidsgjevar og ein medarbeidar vil stille deg ulike spørsmål for å sjå om du er den rette personen til jobben. For å svare best mogleg og gi eit godt inntrykk er det ting du kan gjere både før og under intervjuet. Her kjem nokre tips:
Før intervjuet:
Skaff deg kunnskap om arbeidsplassen. Studer heimesida eller søk på nettet etter informasjon. Arbeidsgjevar likar at du viser interesse for jobben.
Tenk igjennom korleis du vil presentere deg og kva for inntrykk du vil gi av deg som person. Kva er dine sterke og svake sider?
Kva skal du ha på deg? Sjå presentabel ut. Reine, enkle kle som ei fin bukse, skjorte, topp eller kjole med jakke er sjeldan feil. Unngå skitne eller øydelagde kle og kle med tydelege politiske bodskap eller bannord.
Under intervjuet:
Smil og hels med eit fast handtrykk når du møter opp til intervjuet.
Gi utfyllande svar ved å bruke eksempel på korleis eller kvifor du er god på det du blir spurt om.
Unngå å svare «veit ikkje», «ja» eller «nei» utan å forklare kva du meiner.
Det er viktig å snakke tydeleg under intervjuet for å bli godt forstått. Dersom du ikkje forstår spørsmåla, sei ifrå og spør på ein hyggeleg måte om dei kan forklare kva dei meiner.
Snakk fint og ærleg om deg sjølv.
Ver klar over dine svake og sterke sider. Snu det som kan vere negativt til noko positivt. For eksempel kan du vere sta og like å ha rett, noko som kan irritere andre. Samtidig kan det vere positivt, for når du er sta vil du fullføre den oppgåva du har begynt på.
Lurer du på noko om jobben eller arbeidsplassen? Still spørsmål til arbeidsgjevaren på slutten av intervjuet. Dette viser at du er interessert.
Og du – om du ikkje skulle få jobben, sjå på søknadsskriving og intervju som trening og erfaring. Kva kan du gjere endå betre neste gong? Lykke til med jobbsøkinga!
Oppgåver: JOBBSØKAR
Skal du søke jobb?
Oppgåver til kapittel 1:
Gjer nettsøk på sider som Arbeidsplassen/NAV, FINN, heimesida til kommunen din, eller heimesida til bedrifter som du ynskjer å jobbe hos. Vel ein jobb som du synest ser interessant ut.
Kopier teksten i stillingsannonsen og legg den inn i eit Word dokument.
Marker ord som du ikkje forstår, og finn ut kva dei betyr.
Sjå på arbeidsoppgåvene. Forklar med eigne ord kva jobben går ut på.
Sjå på kvalifikasjonar. Forklar med eigne ord kva for kvalifikasjonar arbeidsgjevar vil at jobbsøkar skal ha.
Står det noko om personlege eigenskapar? Kan du gi døme på kva for personlege eigenskapar som er viktige i denne jobben? Korleis kan du forklare arbeidsgjevar at du har desse eigenskapane?
Bruk stillingsannonsen du har jobba med. Øv deg på å skrive eit søknadsbrev. Du skal få arbeidsgjevaren til å velje deg. Skriv kort, helst ikkje lenger enn ei side. Dette bør du skrive om:
Kvifor søkjer du, kvifor har du lyst på denne jobben
Kort om utdanning og erfaring som gjer til at du kan gjere ein god jobb
Eigenskapar som passar med det arbeidsgjevar vil ha
Noko i jobben som du kanskje ynskjer å lære eller å bli betre på
Litt om kva du er interessert i
Byt søknadsbrev med ein annan i gruppa di.
Les gjennom søknadsbrevet
Får du den informasjonen du ynskjer og treng?
Strek under det du meiner er ekstra bra i søknadsbrevet
Skriv ein kommentar dersom du meiner det er noko som kan gjere søknadsbrevet endå betre (t.d. tips til innhald, rettskriving, oppsett).
Søk på nett etter malar (oppskrifter) for CV, eller bruk eit oppsett som du finn i Word-dokument.
Skriv din eigen CV.
Byt CV med ein annan i gruppa di.
Les gjennom den andre sin CV.
Får du den informasjonen du ynskjer og treng?
Kva meiner du er veldig bra med denne CV-en?
Skriv ein kommentar dersom du meiner det er noko som kan gjere søknadsbrevet endå betre (t.d. tips til innhald, rettskriving, oppsett).
Rollespel: Korleis be om referanse?
Gå saman to og to. Ein skal vere jobbsøkar, ein skal vere lærar eller tidlegare kollega.
Jobbsøkar tar kontakt med lærar/kollega og spør om han/ho kan vere referanse. Kva vil du spørje om? Korleis vil du spørje om dette? Korleis vil du reagere på svaret du får?
Lærar/kollega kan velje om han/ho vil vere referanse eller ikkje. Øv på begge deler. Korleis vil du formidle svaret ditt til jobbsøkar?
Byt roller.
Kva er lurt å gjere før du skal til eit jobbintervju?
Kvifor er det viktig å tenke igjennom kva du skal ha på deg når du skal i jobbintervju?
Kvifor er det viktig å handhelse når du møter opp til intervjuet?
Har du lov å stille spørsmål under intervjuet?
Er det lurt å fortelje om noko du ikkje er så veldig god på? Kvifor/ kvifor ikkje?
Gå saman to og to.
Diskuter kva som er viktig å tenke på i ein intervjusituasjon.
Skriv ned spørsmål som de trur er vanlege å få på eit intervju.
Skriv ned spørsmål som de ville ha spurt arbeidsgivar om.
De kan søke på internett etter vanlege jobbintervjuspørsmål for å få tips.
Bytt på å stille kvarandre spørsmål og å svare.
Rollespel: Jobbintervju
Gå saman i grupper på 3 eller 4. Ein er jobbsøkar, resten er arbeidsgjevar og tilsette/tillitsvalt.
Sett saman bord og stolar, og start rollespelet der jobbsøkar kjem til møtet med arbeidsplassen. Set dykk ned og gjennomfør eit jobbintervju.
Snakk saman. Korleis var det for jobbsøkar/arbeidsgivar i denne situasjonen? Kva var bra, og kva kan ein gjere betre?
Byt roller og gjennomfør eit nytt jobbintervju.
Snakk saman. Korleis var det for jobbsøkar/arbeidsgivar i denne situasjonen? Kva var bra, og kva kan ein gjere betre?
Kanskje nokon vil gjennomføre eit intervju framfor heile klassen?