Kva er transspråking og korleis kan fleirspråklegheit nyttast som læringsressurs? I dette prosjektet samarbeidar Kinn med vaksenopplæringane i Oslo og Ålesund om utprøving av fleirspråkleg støtte i introduksjonsprogrammet. Prosjekta koordinerast av OsloMet og Høgskulen i Volda. Resultata publiserast i ein metodisk rettleiar ved Kompetanse Norge. Vi har òg laga ein eigen ressurs for lærarar om transspråking. Den finn du her:
Utfordring
Sjølv om forsking understreker verdien av morsmålsstøtte i språkinnlæring, finst det få systematiske oversikter over korleis vaksenopplæringar kan ta i bruk transspråking som ein fleirspråkleg ressurs. Dette skuldast til dels at vaksenopplæringane er ulikt organisert. Medan nokon underviser i språkhomogene klasser, underviser andre i praksis eller arbeidsretta klasser. Samarbeidsprosjektet tar høgde for dette og søker både å skildre korleis ein kan ta i bruk språkstøtte i ulike læringsrom og å identifisere felles prinsipp for fleirspråklegheit som læringsressurs
Tiltak
- Utvikle og gjennomføre rekrutteringsstrategi av fleirspråklege ressurspersonar, i Kinn kalt “språklosar” som skal støtte lærarar i undervisinga og lose introduksjonsdeltakarar inn i norsk språk og kultur
- Utvikle kompetansepakkar og kurse språklosar for å forsterke transspråkingsprinsipp, inkludert: vaksenpedagogikk, strategiar for lese– og skriveopplæring, den norske læringskonteksten, spesialpedagogiske prinsipp, verktøy og læremiddel, fleirspråklegheit som ressurs
- Utvikle og sementere profesjonsfelleskap mellom lærarar og språklosar i og utanfor læringsromma
- Utvikle og publisere metodisk rettleiar om bruken av transspråking i språkinnlæringa for vaksne innvandrarar med spesifikt fokus på språkloskompetanse
Resultat
I evalueringa av prosjektet har vi tatt utgangspunkt i Alver og Dregerlis (2016) analyse av viktigheita av språkstøtte i språkinnlæringa blant vaksne innvandrarar. Alver og Dregeli (2016) identifiserer tre kategoriar: a) kognitive, b) affektive og c) sosiale effektar.
A) Kognitive effektar: Likt Alver og Dregerli finn vi at morsmål utgjer ein viktig faktor i tenking og læring og at språkstøtte bidrar til effektivisering av språkinnlæringa. Dette blir reflektert i tilbakemeldingar og kvalitative intervju med lærarar og språklosar. I kvantitative undersøkingar svarer også
- 83% av språkinnlærarane at dei er svært einige eller einige i at språklos har positive kognitive effektar
B) Affektive effektar: Likt Alver og Dregerli finn vi at språkstøtte har positive affektive effektar. Med dette meiner vi at språkstøtte virkar positivt på språkinnlæraranes identitet, sjølvkjensle og motivasjon. Lærarar og språklosar påpeiker at språkinnlærarane framstår som meir aktive og tryggare i læringssituasjonar. I kvantitative undersøkingar svarer også
- 81 % av språkinnlærarane at dei er svært einige eller einige i at språklos har positive affektive effektar
C) Sosiale effektar: Likt Alver og Dregerli fann vi at språkstøtte bidrar til eit betre sosiokulturelt læringsmiljø og samhandling i klasserommet. Fleire lærarar utrykker at dei har blitt betre kjent med språkinnlærarane, og språklosar understreker samarbeid mellom lærar, språklos og språkinnlærar som avgjerande for språkinnlæringa. I kvantitative undersøkingar svarer også:
- 90% av språkinnlærarane at dei er svært einige i at språklos har positive sosiale effektar
I tillegg til å forbetre norskinnlæringa for vaksne innvandrarar var ei viktig målsetting med prosjektet at språklosar skulle få eit betre fotfeste i arbeidslivet. Prosjektet har i stor grad lukkast med dette då
100% av språklosane har fått jobb i undervisingssektoren og begynt på vidare utdanning etter endt prosjekt
Mål og målgruppe
Målgruppa for prosjektet er spor 1–deltakarar i introduksjonsprogrammet, lærarar og språklosar. I løpet av prosjektperioden har 40 deltakarar og 7 lærarar fått fleirspråksstøtte av 7 språklosar.
Hovudmålsettinga med prosjektet er å auke det nasjonale kunnskaps– og metodegrunnlaget om korleis fleirspråksressursar kan takast i bruk for å auke innvandrarars aktive deltaking i læringssituasjonar og i arbeids- og samfunnsliv.
Om prosjektet
Morsmålsstøtte er både effektivt og naudsynt når ein skal lære seg eit nytt språk (Rosenhoff Voksenopplæring 2018, Alverog Dregerli 2016, Hvenekilde, Alver, Bergander, Lahaug og Midttun 1996). Likevel er det ikkje ei sjølvfølge at fleirspråklegheit blir sett på som ein ressurs i kvalifiseringsløp for vaksne innvandrarar (Alver og Dregerli 2016). Prosjektet tar derfor sikte på å heve det nasjonale kunnskapsgrunnlaget om fleirspråklegheit og korleis ein kan planlegge for, og utøve, transpråking i ulike læringsrom.
I prosjektet blir fleirspråklege ressurspersonar kursa i vaksenpedagogikk, lese– og skrivestrategiar, spesialpedagogiske prinsipp, læreverk og verktøy, fleirspråklegheit, den norske lærekonteksten, samt teieplikt og lærarprofesjon (sjå vedlegg). Kursrekka går over to veker.
I prosjektet har vi kursa språklosar som har swahili, arabisk, tigrinja, dari og farsi som førstespråk, då vi har overvekt av spor 1–deltakarar med desse språka. I Kinn kommune har vi språkheterogene spor 1–klasser som språklosane har vore fordelt mellom etter innmeldte behov. Lærarane og språklosane samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av timane og har faste felles møtepunkt ein gong i veka. Språklosane jobbar 50% og er lønna av KURS KF.
Organisering og samarbeid
Prosjektet er eit samarbeid mellom vaksenopplæringane i Oslo, Ålesund og Kinn kommune. Vaksenopplæringane har ulike tilnærmingar til prosjektet. Mens Kinn kommune fokuserer på fleirspråklegheit i språkheterogene klasser, og Oslo på språkhomogene klasser, fokuserer Ålesund på fleirspråklegheit i arbeidspraksisklasser. Kvart vaksenopplæringssenter har også nytta seg av ulike rekrutteringsstrategiar, men følger dei same pedagogiske prinsippa for transspråking i opplæringa av språklosar.
Hos KURS KF er det prosjektleiarane som har ansvar for rekruttering, kursing, oppfølging og implementering av språklosfunksjonen i dagleg drift. Språklosar og lærarar utgjer prosjektets arbeidsgruppe og har ansvar for undervising. Prosjektmedlemma blir støtta av KURS KF si FoU–avdeling og ekstern rettleiar Elena Tkachenko frå OsloMet.
IMDi delfinansierer stillingane til språklosar, rettleiing og prosjektleiing gjennom TUKI-ordninga.
Slik kjem du i gang
- Kartlegg behov for språkstøtte i ulike læringsrom (språk, norskopplæring, grunnskule etc)
- Identifiser ressursar: avklar om de har ressurspersonar i introduksjonsprogram som kan jobbe som språklos eller om de også skal rekruttere eksternt i for eksempel samarbeid med NAV som ein del av språkpraksis/arbeidspraksis
- Lage og iverksette rekrutteringsstrategi basert på behov og ressursanalyse. Tips: bruk intervjuguide og sett språkkriterier
- Planlegg og gjennomfør kursing og undervising i samarbeid med lærarane
- Legg aktivt til rette for å bygge og ivareta profesjonsfellskapet mellom lærar og språklos gjennom felles kompetanseheving og diskusjonsarenaar.
Vedlegg
Lenker
https://www.sprakstotte.com/modell-rosenhof
Kontaktinfo
Namn: Mojgan Jacobsen
Stilling og arbeidsstad: Inspektør KURS KF
Telefon: 96650221