I Kinn Kommune skaper KURS KF og Nor Tekstil alternative veier til jobb for spor 1 deltakarar i introduksjonsprogrammet gjennom rekruttering-og kvalifiseringssamarbeid (REKSAM)
Utfordring
Formell utdanning og gode språkkunnskapar vert stadig viktigare for deltaking i arbeidslivet. For introduksjonsdeltakarar som ikkje har hatt moglegheit til å gå på skule pga. krig og konfliktar kan vegen mot arbeid i Noreg være bratt og lang uansett kor motivert og flink ein er til å arbeide.
Tiltak
Utvikling og utprøving av oppfølgings- og opplæringsmodell i vaskeribransjen.
Resultat
100% av deltakarane er kvalifisert til sesongarbeid.
Mål og målgruppe
Sysselsette flyktningar med liten/ingen skolebakgrunn og fremme inkluderande og berekraftig økonomisk vekst.
Om tiltaket
Modellen kombinerer tilpassa opplæring i yrkesnorsk og digitale ferdigheiter med arbeidskvalifisering i bedrift og tar i bruk ulike metodar og verktøy. Modellen er organisert i ulike trinn:
Trinn 1: Rekruttering og førebuande kursing (2 månadar)
Kartlegging av deltakarar utført av jobbspesialist i samarbeid med programrettleiarar og bedrift er viktig for å sikre en god jobbmatch. Det er og viktig med forberedande kursing av deltakarar for å trygge både dei og tilsette i bedrifta før arbeidspraksisen startar.
I forberedande kursing legg KURS KF vekt på: begynnande yrkesnorsk, HMS, arbeidslivets reglar og normer, samt innføring i digitale verktøy som deltakarane skal bruke i praksis. Dette inkluderer og “Yrkesordappen” med ord og utrykk frå vaskeriet som norsklærar har utvikla til prosjektet (sjå prosjekt DIGIRES for meir info). Deltakarane får og omvising på praksisplassen både fysisk og digitalt (t.d. bilete og videoar av maskinar og arbeidsprosessar).
Trinn 2: Praksis og bransjeretta opplæring (4 månadar)
Deltakarane har 3 dagar arbeidspraksis bedrift og 2 dagar med opplæring i skulen pr veke. I skulen legger lærarane vekt på opplæring i yrkeslivsdomene. Dvs. at det fokuserast på å lære språket som brukast i bedrifta (både i arbeidet og i pausane), blant anna ved bruk av læringsmapper, multimodale loggar og integreringsoppgåver. For å bidra meir effektiv opplæring brukar vi morsmålsstøtte som verktøy.
I bedrifta lærast deltakarane opp i arbeidsoppgåver av andre tilsette. Deltakarane følger ordinær plan for opplæring som er utvikla av bedrifta. Både deltakarar og bedrift følges tett opp av jobbspesialist i arbeidspraksisen. Jobbspesialisten fungerer og som bindeledd mellom bedrift og skulen.
Trinn 3: Tilsetting og oppfølging
Oppfølging av deltakarane og bedrift held fram etter tilsetting for å sikre et varig resultat. Jobbspesialist tek i vare dialogen mellom deltakar, bedrift, vaksenopplæringa, fylkeskommunen og evt. NAV, om moglegheiter for videre kvalifisering ved behov.
Organisering og økonomi
Prosjektet er et samarbeid mellom KURS KF og Nor Tekstil avdeling Florø. KURS KF har ansvar for førebuande kurs, opplæring i norsk og digitale ferdigheiter mens Nor Tekstil har ansvar for opplæring i bedrift. Deltakaren mottar introduksjonsstønad fram til tilsetting da bedrift overtar lønnsansvaret.
Resultat
Takka være strålande innsats frå deltakarane og godt samarbeid mellom KURS og Nor Tekstil har vi lykkas med å lage en kvalifiseringsmodell som fremmer inkluderande og anstendig arbeid for alle. I år 1 av prosjektet lykkast vi med å kvalifisere 7 introduksjonsdeltakarar til jobb. Modellen er og berekraftig. I 2021 startar 4 nye introduksjonsdeltakarar på trinn 1 og Nor Tekstil og KURS KF ser fram til ytterlegare samarbeid.
Lenker
https://www.nortekstil.no/nyheter/mangfoldet-i-nor-tekstil
Kontaktinfo
Namn: Eskil Krogstad
Stilling og arbeidsstad: Jobbspesialist, KURS KF
Berekraftsmål