Sjølvhjelp er eit helsefremmande arbeid som er viktig for folkehelsa. Gjennom tiltaket Omsorgskoppen spreier Kinn kommune og Sjølvhjelp Noreg kunnskap og informasjon om korleis sjølvhjelpsgrupper for flyktningar kan nyttast som verktøy for psykisk støtte, livsmestring og eigenkraftmobilisering.
Utfordring
Sjølv om fleire innvandrarar slit med lettare til moderate psykiske plager, oppsøker dei sjeldnare kommunale og frivillige støttetilbod. Dette har negative konsekvensar for flyktningar si deltaking i introduksjonsprogrammet og i samfunns- og arbeidslivet.
Tiltak
Omgå strukturelle og kulturelle barrierar som hindrar flyktningar i å oppsøke psykisk støtte ved å opprette, drifte og spreie kunnskap om sjølvhjelpsgrupper på ulike morsmål.
Mål og målgruppe
Målet er å auke det nasjonale kunnskaps og metodegrunnlaget om sjølvhjelp og å skape likeverdige tenester som gir flyktningar eit større moglegheitsrom for meistring og eigenkraftmobilisering.
Målgruppa er flyktningar. I utprøvinga har vi særleg fokusert på deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Om omsorgskoppen
I arbeidet med å planlegge for livsmestring som eit nytt obligatorisk element i introduksjonsprogrammet vart det identifisert eit behov og ønske om ein alternativ arena der introduksjonsdeltakarar kunne dele sine erfaringar og søke gjensidig trygd i kvarandre.
I 2020 fekk KURS KF midlar frå IMDi til eit 2 årig prosjekt for å utvikle ein kultursensitiv sjølvhjelpsmetode med fire flerspråklege veiledarar i samarbeid med Selvhjelp Noreg.
Sjølvhjelpsgruppane som møttest 2 timar pr veike, vart organisert i tråd med prinsippa til Selvhjelp Noreg, der sjølvhjelp nyttast som verktøy, og sjølvhjelpsgruppa som verkstad å for auke kvardagsmeistring og egenkraftmobilisering.
Erfaringar frå prosjektet vert samla i ein digital rettleiar som beskriv korleis andre flyktningetenester, kommunal helsetenester og frivillige organisasjonar kan starte og drifte sjølvhjelpsgrupper på ulike morsmål.

Omsorgskoppen er i dag implementert som ein del av ordinær drift og fungerer som eit supplement til livsmestring.
Resultat
Prosjektet har auka kompetansen om migrasjonshelse og kultursensitivitet som metode blant kommunalt tilsetje og har i stor grad lykkas med å etablere eit nytt og meiningsfult lågterskeltilbod for målgruppa. Tilbodet har skapt engasjement om sjølvhjelp som metode og medvit om psykisk helse, noko som har senka terskelen for å søke støtte og bidratt til egenkraftmobilisering.
Prosjektet har og positive ringvirkningar i ulike miljø, inkludert voksenopplæringa som blir prega av mindre konfliktar og større aksept for forskjell enn før. Betre psykisk helse og større takhøgde gir betre læringseffektar og gjer det mogleg for fleire å få vere med å bidra i ulike felleskap.

Vil du starte? – slik kjem du i gang
Lenkene under tar deg til .pdf-filer av rettleiaren vår til kommunar, igangsetjarar og frivillige organisasjonar. Den er tilgjengeleg på dei følgande språka:
Norsk
Ukrainsk
Tigrinja
Swahili
Somali
Farsi
Arabisk
Lenker
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-2014-2015/id2402807/
Kontaktinfo
Namn: Cecilie Udberg-Helle
Stilling og arbeidsstad: Rektor ved vaksenopplæringa, KURS KF
Telefon: 91 88 81 91
Berekraftsmål
Tiltaket er støtta av