Fråfall frå vidaregåande opplæring har negative konsekvensar for sosial mobilitet, inkludering og integrering, samt kommune og samfunnsøkonomi. Tilskotsordninga "oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom", som blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR), har som mål å auke gjennomføringa i vidaregåande skule. Saman med lokale samarbeidspartnarar bistår KURS KF BUFDIR i å realisere dette målet med vårt losprosjekt for minoritetsungdom.
Utfordring
Eldre flyktningelevar med begrensa lese- og skrivekunnskap, har fleire utfordringar i vidaregåande opplæring samanlikna med både fleirspråklege og majoritetspråklege ungdommar ( Svendsen et al 2018, 59, Pastoor, 2012; Thorshaug og Svendsen 2014; Biseth og Changezi 2016a).
Tiltak
Etablere losteam beståande av to losar og ein loskoordinator som jobber på individ og systemnivå:
- Individnivå: losane er aktivt til stades på ungdommens livsarenaer for å kartlegge og støtte individuelle behov, motivasjon, trivsel og meistring i skulen og i lokalsamfunn
- Systemnivå: losene opererer i mellomrommet mellom allereie etablerte tenester for å legge til rette for samordna tilbod til ungdommen
Resultat
Tilbod om los-støtte er eit pågåande prosjekt som skal bli evaluert etter følgande kriterie for måloppnåing:
- Individnivå: auka trivsel og meistring i skule- og opplæringssituasjon, samt auka tilknyting til lokalsamfunn
- Systemnivå: ungdommane opplever at oppfølginga og hjelp som blir gitt er tilgjengeleg, tilrettelagt, koordinert og oversikteleg
Mål og målgruppe
Målgruppa er minoritetsungdom mellom 17-24 år som går i grunnskule for minoritetsspråklege og/eller vidaregåande opplæring.
Om tiltaket
Formålet med prosjektet er å forbetre integrering ved å utvikle og implementere metodar, rutinar og verktøy for samorda oppfølging, støtte og inkludering av minoritetsungdom i skulen og på fritida. For å sikre ein brukarorientert funksjon med lokal forankring jobbar teamet både med individuell oppfølging og på systemnivå. Prosjektet skal også organisere kompetansehevande tiltak for losteamet og deira samarbeidspartnarar.
Organisering og samarbeid
Losteamet består av to losar og ein loskoordinator som er organisatorisk plassert ved KURS KF. Teamet samarbeider med programrettleiarar og lærarar ved KURS KF, Florø VGS, Sunnfjord Medisinske Senter, NAV, Politiet, Koordinerande Eining og Flora Frivilligssentral i tillegg til andre frivillige organisasjonar.
Prosjektet er finansiert med eigne midlar og BUFDIRs tilskotsordning: oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom.
Vedlegg
Lenker
Kontaktinfo
Namn: Siri Sunde
Stilling og arbeidsstad: Loskoordinator KURS KF.
Telefon: 41635947