Kafedialog er eit populært inkluderingstiltak i Kinn kommune. Der kan deltakarar i introduksjonsprogram og lærarar løfte fram verdibaserte spørsmål saman og bli bedre kjende med kvarandre. Vil du gjere det same? Trykk på rettleingsressurs:
Utfordring
Tradisjonell undervisning er ikkje nok for å fremje den interkulturelle kompetansen som er naudsynt for å ivareta det sosiokulturelle læringsmiljøet i fleirkulturelle ueinigheitsfelleskap. Dette avgrensar ikkje berre moglegheitene til læring, men også retten til å leve eit fritt liv.
Tiltak
Etablere kafédialog som nytt pedagogisk verktøy for å auke sosial kapital og kvalitet i læringsarenaene.
Resultat
Kafedialog aukar interkulturell kompetanse både blant lærarar og deltakarar og bidrar til eit betre læringsmiljø. Dialogane bygger bru mellom deltakarar, lærarar og fleirspråksassistentar. Gjennom dialog blir alle betre kjende med kvarandre og vi opparbeidar oss trygghet, tillit, empati og respekt som vi og tar med oss inn i klasserommet.
Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet har evaluert prosessen ved bruk av spørjeskjema, deltakande observasjon og intervju med introduksjonsdeltakarar, språklosar og kommunalt tilsette.
Mål og målgruppe
Det overordna målet med Kafédialog er å utvikle eit felles verdigrunnlag med rom for forskjelligheit i det ueinigheitsfelleskapet som vaksenopplæringa utgjer. Med ueinigheitsfellesskap meiner vi ei heterogen gruppe mennesker som er kasta saman i eit skjebnefellesskap kor dei har ein ureduserbar, men ikkje-valdeleg ueinigheit seg imellom (Iversen 2014). Følgande delmål støttar opp om hovudmålet:
- Opparbeide ein god struktur på kafédialogane med vekt på eigarskap, planlegging, utforming og løysing av oppgåver
- Utvikle Kafédialog som metodikk, slik at den bidrar til å trygge og bygge gjensidig respekt for at deltakarane kan ta eigne val og uttrykke sine eigne historier
- Styrke dei tilsette og introduksjonsdeltakarar sin interkulturelle kompetanse, her forstått som evner til å handtere dei emosjonelle, kognitive og åtferdsmessige forskjellane som kan oppstå i ei heterogen gruppe (Solbue & Helleve 2016).
- Tilrettelegge for at kafédialogar kan bli tatt i bruk av kommunale tenesteytarar på nasjonalt nivå
Om tiltaket
I undervisningsåret 2018-2019 opplevde tilsette og deltakarar i introduksjonsprogrammet enkelte spenningar i det sosiokulturelle læringsmiljøet i form av mikroaggresjonar og mobbing. Kafedialog blei foreslått som mogleg tiltak for å fasilitere brubygging (“bridging”) mellom deltakarar som via dialog blir tryggare på kvarandre og derfor opplever samhørigheit og sympati (Putnam, 2000, Putnam og Goss, 2002:4-7). Som metode impliserer Kafedialog derimot ei rekke utfordringar når den skal brukast i ein fleirspråkleg og sårbar setting. KURS KF etablerte derfor eit forskings- og utviklingssamarbeid med HVL for å drive prosessen framover.
I prosjektet er det i all hovudsak kommunalt tilsette som førebur verdi-tema til dei månadlege dialogene. Kaféen blir tilrettelagt gjennom oppretting av småbord, oppdekning og ulike bordsettingar. Lærarar fungerer som kafevert og blir assistert av språkassistentar som har ei viktig rolle i å støtte deltakarar med lite norskkunnskapar i at deira stemme også blir høyrt og forstått.
Under dialogane bruker vi munnleg forteljing, drama og visuelle, taktile og auditive konkretar (bilete, video, lydfiler og skulpturering) som verktøy for respektfull diskusjon om ulike verdispørsmål.
Organisering
Gjennomføring av kafedialog krever grundig førebuing både når det gjeld innhald, tilrettelegging og fasilitering av prosessen (Brown & Isaacs, 2005). I førebuinga jobbar lærarar og fleirspråksassistentar saman for finne tema og hjelpemiddel som deltakarane kan identifisere seg med og bruke til å dele felles erfaringar. I voksenopplæringen gjer vi fellesrommet om til ein kafesetting med nummererte og fargekoda småbord. Desse er plassert rundt et langbord midt i rommet som er oppdekt med kaffe, te, vann samt diverse småkaker og kjeks. Alle deltakarane er på førehand delt inn i grupper og informerte om kor dei skal sitte. Lærararne fungerer som kafevertar: dei presenterer prinsippa for dialogen, temaet, noterer inspela frå deltkararane undervegs og passar på at alle får delta i dialogen. Til dette får dei god hjelp av fleirspråksassistentar som omset både kontekst og begrep og bidrar til å bryte ned språk- og statushierarki. Det er mellom 6 og 8 deltakarar ved kvart bord. Etter omlag 45 minuttar er det pause med påfyll av kaffi og småkaker før gruppa går vidare til neste bord og ny oppgåve hos ein anna kafevert. Dette gjentek seg til alle deltakarar har vore innom alle 3 tema. Etter at vi har gjennomført dialogane lagar kafevertar og fleirspråksassistentar eit sammendrag av innspela som deltakarane har komt med. Dette for å lære meir om ulike forståingsrammer og for å identifisere tema som deltakarane sjølv ynskjer å ha på kafedialog. Sammendraga blir og brukt inn i klasserommet, der lærarar bygger videre på innspela og gir rom for at deltakarane kan halde fram med dialogen.
Økonomi
KURS KF har motatt tilskuddsmidlar frå Regionalt Forskningsfond Vestlandet for å samarbeide med 3 forskarar frå Høgskulen på Vestlandet om kafedialog. Midlane har gått til personalkostnad og FoU aktivitet.
Kafedialog er no implementert som ein del av norskopplæringen ved KURS KF.
Tips og anbefalingar
- Bruk kafedialog som utviklingsarbeid på vaksenopplæringa gjennom året både for tilsette og deltakarar
- Kafedialog kvar 6.-8. veke er passande intervall: dette gir god kontinuitet og best læringseffekt
- Forbered deltakarane på dialog: informer om bakgrunn for, målet og gangen i dialog samt etabler felles etiske prinsipp som alle skal følge i dialogen. Lærarar har ansvar for at desse blir følgde.
- Bruk fleirspråksassistentar både i førebuinga (inkludert val av tema og utforming av oppgåver) og i dialogane. Fleirspråksassistentane sin transkulturelle kapital kan vere avgjerande for utbytte både for lærarar og deltakarar
- Kafesettinga er avgjerdande for å få i gang dialogen. Mange deltakarar kjem frå sterke kafekulturar og dette er ei kjent og trygg ramme for dialog. Pass på å ha nok kaffi, te, sukker og kjeks.
- God oppsumering er viktig: kafevertane rundar av samtalane på kvart bord og brukar språkassistenten for å sikre felles forståing og kva deltakarane har peika på som viktig å ta med seg vidare.
Kontaktinfo
Namn: Bodil Ravneberg
Stilling og arbeidsstad: Professor, Høgskolen på Vestlandet
Telefon: +47 55 58 59 66
Kontaktinfo
Namn: Ingvild Nydal
Stilling og arbeidsstad: Adjunkt, KURS KF
Telefon: 41631958