Inkluderingskonferansen er eit årleg arrangement for å bidra til auka fleirkulturell forståing. Vi inviterer fagfolk og eldsjeler til å tale
Til Inkluderingskonferansen 2022 kjem Kadafi Zaman frå TV 2, Abdullahi Ibrahim frå TUSMO Association, Ragnhild Ihle frå Høgskulen på Vestlandet og Dora Poni Loro frå Vestland krysskulturell brobyggertjeneste for å snakke om temaet krysskulturell oppvekst.
Pris: 200 kr. Lunsj og kaffi inkludert i prisen.
Tid: 09:00–15:00, 30. september
Stad: Florø kulturhus
Trykk her for påmelding!
Interessert i oppdateringar om konferansen?
Kadafi Zaman har vore journalist i 20 år. Han jobbar i TV 2 Nyheitene og er også ein av programleiarane i den prisbelønte dokumentarserien “Norge bak fasaden”. Hausten 2021 ga han ut boka “Den norske drømmen” til strålande kritikkar. Kadafi har ei varm og engasjert tilnærming til tema som mangfald, ytringsfridom og integrering, og byr på ei fin blanding av humor og alvor når han med varme og innleving fortel om sine røter og oppvekst.
Ragnhild Ihle er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har lang erfaring med arbeid med innvandrarar og flyktningar i Bergen kommune, A-etat, asylmottak og som dagleg leiar for Internasjonalt Kultursenter. Ho er ei svært engasjert og kunnskapsrik dame som brenn for temaet, og kom i 2008 ut med boka «Søkelys». I dag forskar ho på etnisitet, innvandring, flyktningar, sosial inkludering og integrering og einslege mindreårige/barnevern. Ho jobbar også tett med ulike minoritetsmiljø, og er mellom anna engasjert i arbeidet til TUSMO.
TUSMO vart stifta i 2016. Det er ein frittståande ideell organisasjon som set fokus på utfordringar som innvandrarar generelt og somaliarar spesielt står ovanfor i møte med det moderne norske samfunnet i Bergensområdet. Målsettinga er å fremje integrering og inkludering ved å utvikle nye og kreative løysingar som set målgruppa sine meiningar og bidrag på dagsorden.
For at integreringsbudskapet skal forståast er det viktig med gode formidlingsmetodar med eit språk som målgruppa forstår og kan identifisere seg med. Prosjektet Generasjonsdialog er ein slik:
«Krysskulturell forståelse er nøklene til en vellykket integreringsarbeid siden kultur og tradisjon er viktig for den enkelte person. Foreldregenerasjon og barn med innvandrerforeldre har ikke den samme lojalitet mot opprinnelige kulturer og tradisjoner. Det kan hende at dårlig kommunikasjon skaper problemer mellom generasjonene. Derfor har vi utviklet et konsept om generasjonsdialog der ungdom og deres foreldre får mulighet til å drøfte løsninger sammen i en kontrollert og veiledet prosess».
Programdirektøren i TUSMO, Abdullahi Ibrahim, fortel om prosjektet og delar dei gode erfaringane dei har. Han er lærar og bystyrerepresentant for AP i Bergen Kommune, og har ei mastergrad frå HVL der han forska på heim-skulesamarbeid mellom skule og somaliske foreldre. Han samarbeidar også med Ragnhild Ihle om ytterlegare publikasjonar om temaet.
Dora Poni Loro er utdanna sosionom, og arbeider som barnevernskurator i barneverntenesta for einslege mindreårige flyktningar i Bergen. Ho har mastergrad i barnevern, og videreutdanning i traumebevisst omsorg, barnevernsarbeid etter avdekking av vald og overgrep, og samtaler med barn. Dora har mange års erfaring innan fleirkulturelt arbeid, sjølvhjelpsarbeid med fattigdom og sosial ekskludering i Noreg, samt erfaring innan prosjektkoordinering, leiing og rettleiing. Dora er mor til to og sterkt engasjert i arbeid med kvinner og ungdom, og tema relatert til migrasjon, sosial inkludering og samfunnsdeltaking.
