Hjelp til heimeskule

Kinn kommune i Vestland går alternative vegar slik at minoritetsforeldre kan hjelpe borna sine med heimeskule under koronakrisa.

Utfordring

Stengde skular skapar spesielle utfordringar for minoritetsforeldre som ikkje greier å hjelpe borna sine så godt som dei skulle ønske med heimeskule. I tillegg er mange foreldre redde og forstår ikkje godt nok koronainformasjonen dei får gjennom norsk media. 

Tiltak

Etablere kafédialog som nytt pedagogisk verktøy for å auke sosial kapital og kvalitet i læringsarenaene.

Resultat

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet evaluerer prosessen ved bruk av deltakande observasjon og intervju med introduksjonsdeltakarar, språklosar og kommunalt tilsette.

Mål og målgruppe

Det overordna målet med Kafédialog er å utvikle eit felles verdigrunnlag med rom for forskjelligheit i det ueinigheitsfelleskapet som vaksenopplæringa utgjer. Med ueinigheitsfellesskap meiner vi ei heterogen gruppe mennesker som er kasta saman i eit skjebnefellesskap kor dei har ein ureduserbar, men ikkje-valdeleg ueinigheit seg imellom (Iversen 2014). Følgande delmål støttar opp om hovudmålet:

  • Opparbeide ein god struktur på kafédialogane med vekt på eigarskap, planlegging, utforming og løysing av oppgåver
  • Utvikle Kafédialog som metodikk, slik at den bidrar til å trygge og bygge gjensidig respekt for at deltakarane kan ta eigne val og uttrykke sine eigne historier
  • Styrke dei tilsette og introduksjonsdeltakarar sin interkulturelle kompetanse, her forstått som evner til å handtere dei emosjonelle, kognitive og åtferdsmessige forskjellane som kan oppstå i ei heterogen gruppe (Solbue & Helleve 2016).
  • Tilrettelegge for at kafédialogar kan bli tatt i bruk av lærarutdanningsinstitusjonar og kommunale tenesteytarar på nasjonalt nivå

Om tiltaket

I undervisningsåret 2018-2019 opplevde tilsette og deltakarar i introduksjonsprogrammet enkelte spenningar i  det sosiokulturelle læringsmiljøet i form av mikroaggresjonar og mobbing. Kafedialog blei foreslått som mogleg tiltak for å fasilitere brubygging (“bridging”) mellom deltakarar som via dialog blir tryggare på kvarandre og derfor opplever samhørigheit og sympati (Putnam, 2000, Putnam og Goss, 2002:4-7). Som metode impliserer Kafedialog derimot ei rekke utfordringar når den skal brukast i ein fleirspråkleg og sårbar setting. KURS KF etablerte derfor eit forskings- og utviklingssamarbeid med HVL for å drive prosessen framover.

I prosjektet er det i all hovudsak kommunalt tilsette som førebur verdi-temaa til dei månadlege dialogene. Kaféen blir tilrettelagt gjennom oppretting av småbord, oppdekning og ulike bordsettingar. Lærarar fungerer som kafevert og blir assistert av språkassistentar som har ei viktig rolle i å støtte deltakarar med lite norskkunnskapar i at deira stemme også blir høyrt og forstått.

Under dialogane bruker vi munnleg forteljing, drama og visuelle, taktile og auditive konkretar (bilete, video, lydfiler og skulpturering) som verktøy for respektfull diskusjon om ulike verdispørsmål. Forskarane observerer dialogane og intervjuar lærarar, deltakarar og språkassistentar om deira opplevingar før, under og etter dialogane. Tilbakemeldingane blir så brukt for fagleg utvikling av metodikken og som bidrag til nasjonal kunnskapsbygging.

Lenker

https://www.imdi.no/case/hjelp-til-heimeskule-for-minoritetsspraklege-foreldre/

Kontaktinfo

Namn: Cecilie Udberg-Helle

Stilling og arbeidsstad: Inspektør, KURS KF

Telefon: 91 88 81 91

E-post 

Berekraftsmål

 
Theme: Overlay by Kaira