Inaktivitet aukar risikoen for sjukdommar og reduserer livskvaliteten samd føresetnader for og effektar av læring. Sjølv om moderat fysisk aktivitet er helsefremmande, er delen flyktningar som trenar ein gang i veka eller meir vesentleg lågare enn i den andre befolkninga (FHI 2021). I Kinn kommune søker vi å endra dette ved å auke aktiviteten i introduksjonsprogrammet.
Utfordring
Inaktivitet aukar risikoen for sjukdommar og reduserer livskvaliteten samd føresetnader for og effektar av læring. Sjølv om moderat fysisk aktivitet er helsefremmande, er delen flyktningar som trenar ein gang i veka eller meir vesentleg lågare enn i den andre befolkninga (FHI 2021). I Kinn kommune søker vi å endra dette ved å auke aktiviteten i introduksjonsprogrammet.
Tiltak
Innlemme fysisk aktivitet som eit standardisert element i introduksjonsprogrammet for å omgå barrierar som held oppe fysisk inaktivitet.
Forventa resultat
På individnivå blir det forventa at:
- deltakarane får ei betre fysisk helse
- deltakarane opplever meining med fysisk aktivitet
- deltakarane oppnår endå betre norskkunnskapar gjennom oppgåvene knytt til den fysiske aktiviteten
På systemnivå blir det forventa at:
- eit opplegg der ein enkelt kan knyta delar av norskopplæringa saman med trening på ein pedagogisk god måte.
Mål og målgruppe
Det langsiktige målet er å bidra til a) den kommunale handlingsplanen der innbyggarane i Kinn kommune tar aktivt ansvar for eiga helse og alderdom og b) FN berekraftsmål nr. 3 God helse og livskvalitet for alle. Målgruppa er deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Om tiltaket
Fysisk aktivitet samkøyrast med opplæring i norsk og digitale ferdigheiter på følgande måte:
Menn og kvinner deles inn i to ulike deltakergrupper, den ene med fokus på styrketrening, den andre på kondisjon. Gruppene alternerer på følgande aktivitetar:
- Personleg gruppetrening (45 min). med instruktør på Måløytreningssenter og norsklærar fra KURS KF annan kvar uke pr deltakergruppe. Personleg trener lager et felles treningsprogram og syter føre at deltakarane utfører øvelsa riktig. Lærer frå KURS overtar treningsprogrammet etter 4 gonger.
- Turar i nærområdet i regi av norsklærar annan kvar uke pr deltakergruppe.
Treningsøktene planleggast og dokumenterast munnleg og skriftleg som en del av norskundervisninga ved bruk av IPAD. Deltakarane trenger en innføring i bruken før tekstarbeidet begynner.
Tekstarbeidet inkl. logg knyttast til kosthald, helse og ulike tema om kroppen, f-eks livsstilssjukdommar og livsmestring. Lærer gir munnleg eller skriftleg tilbakemelding på arbeidet i forhold til kordan teksten kommuniserer, grammatisk ferdigheiter, og evt. flyt og uttale ved munnlege arbeid.
Organisering og samarbeid
Tiltaket er eit samarbeid mellom KURS KF, Måløy treningssenter og følgjande studentar ved HVL: Siren Klokkernes, Martine Kurseth, May Fjæreide Cetin, Øyvind Nordtveit, Stine Edvardsen.
KURS KF dekker alle utgifter til tiltaket som blir evaluert i løpet av 2021.
Kontaktinfo
Namn: Ingrid Anita Malim Nordpol
Stilling og arbeidsstad: Adjunkt med tillegg, KURS KF
Berekraftsmål