Karrierekompetanse er eit nytt obligatorisk element i introduksjonsprogrammet. Elementet skal gi deltakarane betre forutsetningar for å ta gode val knytt til utdanning, opplæring og jobb. I dette prosjektet støtter Kinn Kommune opp om dette ved å produsere opplæringsfilmar på ulike morsmål.
Utfordring
For å ta gode val er det viktig å forstå kva for valmoglegheiter ein har. Arbeids- og utdanningsmarknaden i Norge er kompleks og ofte svært ulikt enn i landa som deltakarane kommer frå. Konkret og visuell informasjon på morsmål er derfor viktige verktøy for medbestemming og måloppnåing.
Tiltak
Lage og publisere yrkesopplæringsfilmar på morsmål i open database.
Forventa resultat
- Digitale hjelpemidlar på morsmål vil effektivisere undervisninga og auke utbyttet av karrierekompetanse som obligatorisk element i introduksjonsprogrammet
- Fleire innvandrar vil ha økt kunnskap om og ta bevisste val om arbeid og utdanning
Mål og målgruppe
Det langsiktige målet er at fleire innvandrar deltar aktiv i arbeids- utdannings- og samfunnslivet. Målgruppa er nykomne innvandrar med liten og ingen utdanning.
Organisering og samarbeid
I prosjektet samarbeider praksiskoordinator, jobbspesialist og språkassistentar med lokale bedrifter og kommunale tenester om innhald i opplæringsfilmane. Avent Digtal As står for produksjonen.
IMDi delfinansierer prosjektet med midlar frå tilskotsordninga: utvikling av kommunale integreringstiltak, satsingsområde 4: kvalitet i innhald i introduksjonsprogrammet
Kontaktinfo
Namn: Ingunn Elen Lien
Stilling og arbeidsstad: Rådgjevar ved introduksjonsavdelinga, KURS KF
Berekraftsmål
Tiltaket er støtta av