Koronapandemien synleggjer og forsterkar behov for innovative arbeidsmåtar som aukar den grunnleggande digitale kompetansen blant deltakarar i introduksjonsprogrammet. I dette toårige prosjektet søker Kinn kommune å bidra til digitalt medborgarskap ved å utvikla ein multimodal rettleiingsressurs for fleirspråklege digitale hjelparar som beskriv prinsipp og arbeidsmåtar for digital kompetanseheving
Utfordring
Digitalt utanforskap er eit aukande samfunnsproblem som rammar innvandrarar spesielt. Mange flyktningar har vanskar med å ta i bruk offentlege digitale sjølvbeteningsløysingar då dei ikkje meistrer teknologien eller språket som blir brukt. Mange har og av same grunn vanskar med å ta i bruk digitale verktøy som nyttast i skulen, det vere seg vaksenopplæring eller skulen til borna deira. Dette er med å forsterke sosialt utanforskap og undergrev prinsipp for likeverdige tenester
Tiltak
- Tilpasse og prøve ut digidel.no sine nybegynnarkurspakkar for nykomne innvandrar
- Skape ein attraktiv alternativ lærings- og vedlikehaldsarena som deltakarane kan oppsøke når dei ønsker konkret rettleiing, oppfrisking og vedlikehaldsaktivitetar utover den ordinære undervisninga
Aktiv og målretta bruk av morsmålstøtte blir sett på som nøkkelen til ei god kopling mellom punkt 1 og 2
Forventa resultat
- auka digital kompetanse: deltakarane kommuniser, søker etter relevant informasjon, bruker fleirspråklege digitale opplæringsressursar og støtteverktøy, kjenner til forskjellige måtar å oppretta brukarnamn og passord på og kjenner til prinsipp for trygging
- auka digital deltaking: Deltakarane kjenner til moglegheitene og nyttiggjer seg verktøya som finst i ein digital verda.
Mål og målgruppe
Det langsiktige målet er at innvandrarar skal bli fullverdige digitale deltakarar i samfunns- og arbeidsliv. Målgruppa for tiltaket er deltakarar i introduksjonsprogram med liten eller inga utdanning frå før som har behov for språkleg og digital kompetanseheving.
Om prosjektet
I prosjektet skal vi skal kurse og trygge deltakarane i å auka den digitale kompetansen sin og i å få mengdetrening i praktisk utøving av digitale ferdigheiter m.a. ved bruk av morsmål.
Det teoretiske grunnlaget i prosjektet baserer seg på sosialkonstruktivistiske prinsipp, dvs. at digitale evner og forståingar blir skapt gjennom interaksjon og aktiv deltaking i spesifikke læringsrom. I prosjektet vidareutviklar vi John Deweys læresetning «learning by doing» til «supported learning by doing». Dette gjer vi ved bruk av “digilosar”, som fungerer som ein praksisnær vegvisar og kompetansehevande ressurs i den fleirspråklege digitale opplæringa.
Erfaringar frå utprøving og forslag til nye arbeidsmetodar kan nyttast av andre kvalifiseringsaktørar som jobbar med innvandrarar.
Organisering og samarbeid
Digilosane utgjer eit 0.7 lærarårsverk. Digilosane får støtte av fleirspråksassistentar på tigrinja, arabisk, swahili og farsi (0.6. årsverk) enkelte dagar i veka. Det er totalt 10 digilostimar i veka, dette inkluderer faste kurs: “lær å bruke” (t.d. e-post, datamaskin, MinID, språkverktøy), og “digital forståing”. Vi har og drop-in timar der deltakarar kan øve på det ein har lært, og/eller få hjelp til noko nytt.
Prosjektet blir delfinansiert av IMDis tilskotsordning for, område 6: innovative løysingar i introduksjonsordninga og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap
Kontaktinfo
Namn: John Verkland
Stilling og arbeidsstad: Epedagog, utviklar og lektor med tilleggsutdanning, KURS KF