I prosjektet nytta vi drama som undervisningsmetode for å løyse fagdidaktiske utfordringar og skape gode læringsresultater i Kinn kommune. Saman med HVL ønska vi å inspirere andre opplæringsstadar til å tenke nytt om tilpassa norskopplæring.
Utfordring
Deltakarar som i liten grad kan nytte seg av lesing og skriving har behov for alternative verktøy for språkopplæring i oppstartsfasen. Sjølv om drama som undervisningsmetode kan hjelpe, har læringspotensialet til dramapedagogikken i språkopplæringa vore neglisjert (Wagner 1979, Heathcote & Bolton1995, Lyngsnes, K. M.,& Rismark, M. 2007, Evensen et al., 2003, Hanssen 2009, Sæbø 1998, 2009, 2010, Brox &Berglund 2015). Den nye læreplanen i norsk har derimot skapt eit moglegheitsrom for å tenkje nytt rundt opplæringa og prosjektet søkte derfor å realisere potensialet i kreative utrykksformer på ein fagleg, organisatorisk og målretta måte.
Tiltak
Dramapedagogikk blei nytta som metodisk utgangspunkt for utprøving og utvikling av arbeids- og samarbeidsformer innanfor rammeverket av den nye læreplanen i norsk.
Utprøving og utvikling fokuserte på korleis lærarar kan planlegge, tilpasse, og organisere kreative og dramabaserte læringsaktivitetar som gir meistring i læringsfelleskapet. Dette opna for ei holistisk tilnærming der deltakarane kunne improvisere og utforske universelle tema, sosialt samhald, narrativ identitet og språk samtidig som det gav rom for tilpassingar.
Prosjektet tok i bruk eit aksjonslæringsinspirert design for å nå resultat. Designet ivaretok kompetanseheving blant lærarar og bidrog til at undervisninga blei ein systematisk reflekterande praksis. Dette sikra ein betre kunnskapsproduksjon og systematisk evaluering av korleis lærarar kunne bruke dramapedagogiske verktøy for å auke språk- og omgrepsforståing og munnleg aktivitet. Designet gav også rom for meiningsfylt samlæring og samskaping blant lærarar og deltakarar samtidig som det dreiv arbeidet framover. Aktivitetar blei derfor organiserte som ein aksjonsforskingssyklus i 4 fasar:
Fase 1: planlegging: etablering av felles plattform, og utforming av læringsaktivitetar, heretter: «aksjonar/tiltak»
Fase 2: utprøving: av aksjonar og tiltak
Fase 3: evaluering: av aksjonar og tiltak med spesielt fokus på dei 5 kjerneelementa i læreplan
Fase 4: korrigering av aksjonar og tiltak, utvikling av ny praksis
Resultat
Resultatmål vil evaluerast etter fastsette kriterium for måloppnåing.
Mål og målgruppe
Målgruppa for prosjektet var lærarar og nyankomne deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Prosjektet hadde 3 mål:
1) individ: auka omgrepsforståing og kommunikasjonsferdigheiter
2) organisasjon: utvida repertoar i yrkesutøvinga og samskaping av læringspraksiserer
3) styrke det nasjonale kunnskaps- og metodegrunnlaget om bruk av dramapedagogiskemetoder for tilpassa norskopplæring for vaksne innvandrarar
Organisering og samarbeid
Prosjektet var eit samarbeid mellom vaksenopplæringane i Kinn kommune og Institutt for Kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet. IMDi delfinansierte stillingane til lærarar og rettleiing gjennom TUKI-ordninga.
