Jobbspesialist

Jobbspesialist ved KURS KF skal bistå og hjelpe deltakarar som går i introduksjonsprogrammet i Kinn kommune med å oppnå tilsetting i jobb innan programtida eller kort tid etter avslutta introduksjonsprogram.

Jobbspesialisten jobbar etter metoden «Supported Employment». Metoden bygger på ein femtrinnsprosess med følgande element:

  • innleiande kontakt og samarbeidsavtale
  • yrkeskartlegging og karriereplanlegging
  • finne ein passande jobb
  • samarbeid med arbeidsgjevar for å utvikle og vedlikehalde jobb
  • opplæring og kvalifisering på og/eller utanom arbeidsplassen.

Grunnprinsippa i denne prosessen er kartlegging og stort fokus på jobbmatch mellom deltakar/arbeidssøkar og bedrift, og å gi individuelt tilpassa og utvida oppfølging av deltakar/arbeidssøkar og bedrift i samarbeidsperioden.

Jobbspesialisten har ei sentral rolle i å kople saman og trygge deltakar/arbeidssøkar og bedrift, og å bistå med å skape eit målretta og berekraftig samarbeid med fokus og mål om jobb og tilsetting.

Theme: Overlay by Kaira