TBL: fleirspråklegheit i stads og nettbasert norskopplæring

Prosjektvarigheit: 2021 – 2023

Korleis kan lærarar bruke transpråkingspedagogikk i stads- og nettbaserte undervisningsmodellar for å auke utbytte av norskopplæringa for vaksne innvandrarar? Kva vil dette krevje av lærarar og språkassistentar og korleis kan samskaping av undervisningspraksisar bidra til å forme nye roller i multimodale læringsrom? Spørsmåla var utgangspunktet for TBL-prosjektet i Kinn Kommune.

Utfordring  

For å sikre eit berekraftig velferdssamfunn må kvalifiseringsaktørar effektivisere norskopplæringa slik at fleire flyktningar får mogleghet til å delta i arbeid og utdanning. Både transspråking og blended learning har potensial til å auke utbytte i norskopplæringa, men få kvalifiseringsaktørar brukar dette på ein systematisk og målretta måte. 

Tiltak 

Utvikle arbeidsmåtar og undervisningspraksisar i stads- og nettbasert norskopplæring som aukar læringsutbyttet for den enkelte.  

Mål og målgruppe 

Prosjektet hadde fleire mål og delmål. At innvandrarar bruker sitt fleirspråklege repertoar og interkulturelle kompetanse i aktiv deltaking i arbeids-, utdannings- og samfunnslivet var ein forventa langsiktig effekt av tiltaket. Vi forventa òg at tiltaka vil auke utbytte av norskopplæringa og bidra til å etablere transspråking som offisiell pedagogisk praksis i stads- og nettbasert undervisning i løpet av prosjektperioden (2021-2023). Erfaringar og evalueringar av arbeidsmåtar samt produktutvikling har i tillegg bidratt til å styrke det nasjonale kunnskaps- og metodegrunnlaget om transspråkingspedagogikk og blended learning i norskopplæringa som òg var eit viktig prosjektmål.  

Målgruppa var deltakarar i introduksjonsprogram som har A1 i norsk. Tiltaka blei prøvd ut i ein prosjektklasse på 14 deltakarar der dei fleste følger spor 2.  

Om prosjektet  

Det teoretiske grunnlaget i prosjektet var nyare teoretiske perspektiv på fleirspråklegheit og andrespråkslæring. Prosjektaktørane nyttar Garcias (et al. 2017) trefaktormodell for transspråking (stance, design og shifts) som ei felles fagleg plattform i utvikling og utprøving av arbeidsmåtar.    

Utprøving fokuserte særleg på design, altså korleis lærarar og fleirspråksassistentar kan planlegge, legge til rette for og organisere læringsaktivitetar ved å nytte dei fleirspråklege ressursane i målgruppa som eit pedagogisk verktøy i stads- og nettbasert opplæring.    

Arbeidsmåtane som blei prøvd ut har overføringsverdi for norsk og grunnskuleopplæring for innvandrarar og er publisert i form av ein multimodal rettleiingsressurs for lærarar som er laga i samarbeid med OsloMet og Høgskulen på Vestlandet. Denne ligg under lenker.

IMDi delfinansierte prosjektet via tilskotsordninga: utvikling av kommunale integreringstiltak, satsingsområde 3: arbeidsmåtar i norskopplæringa.  

Organisering og aktørar 

Utprøving av arbeidsmåtar var avgrensa til ein prosjektklasse med 1.5 lærarar og 4 fleirspråksassistentar. Prosjektet hadde eit aksjonsforskingsdesign og blei organisert i gjentakande faser:   

  • Kartlegging, planlegging og utforming av undervisningspraksisar og arbeidsmåtar for bruk av fleirspråklegheit i stads- og nettbasert undervisning:    
  • Handling: gjennomføring/utprøving av tiltaka/aksjonar    
  • Observasjon av handling   
  • Refleksjon: drøfting, analyse og evaluering av tiltaka/aksjonane  
  • Utvikle og teste ut ny praksis    

Dosent Elena Tkachenko ved OsloMet rettleia prosjektmedarbeidarane gjennom dei ulike fasane med eit spesifikt blikk på transspråking. Tkachenko har mastergrad i lingvistikk og lang veileder-, undervisnings- og forskingserfaring i norsk som andrespråk og fleirspråklegheit. Dosent Marcin Fojcik ved Høgskulen på Vestlandet bidrog med rettleiing på bruk av teknologi og verktøy for asynkron og synkron fleirspråkleg kommunikasjon og tekstproduksjon for å optimalisere blended learning. Fojic forskar på og underviser i pedagogiske metodar og betring av undervisningskvalitet i høgare utdanning.   

Resultat

Observasjon og evalueringer av tiltaket syner at utbyttet av norskopplæringa auka. Deltakarane tok i bruk fleire transspråkingsstrategiar i multimodale læringsrom der utforminga utfordra både einspråklege opplæringsstrukturar og tradisjonelle lærarrollar.    

Lenker 

Pedagogisk transspråking og blended learning (TBL) i norskopplæringa for vaksne innvandrarar 

Metodisk veileder om flerspråklig støtte i norskopplæringen  

Kontaktinfo for prosjektet

 

John Verkland, prosjektleiar

Epost

Berekraftsmål

 

Tiltaket var støtta av

Theme: Overlay by Kaira